Vanlige spørsmål om Mi side for studenter (FAQ)

Frå SAwiki
Versjonen frå 26. april 2010 kl. 14:24 av Uawikibot (diskusjon | bidrag) (26 versjonar)
Geographylogo.png Languages: 

Norwegian - English


Dersom du ikke allerede har brukerkonto på UiB må du skaffe deg det for å kunne logge deg inn på Mi side. Studenter må logge seg inn med brukernavn og passord som de har fått når de har opprettet brukerkonto på den sentrale serveren for studenter, Sebra.


Kva er Mi side?

Mi side er eit intranett for studentar med tre hovudnivå:

  • Personleg side. Sida er unik for deg og samlar informasjon om alle emne og grupper som du har studierett til. Her kan du og få informasjon om emne som du ikkje skal ta eksamen i dette semesteret.
  • Emnesider. Alle emne med undervisning i inneverande semester har egen heimeside i intranettet. Her får du nytt fra emneansvarlig og andre på instituttet, tilgang til timeplan, studieplanar og pensum. Det er også her foreleser og andre faglig ansvarlege vil legge ut oppgåver og eventuelle andre tekstar og presentasjonar.
  • Gruppesider. Rommar mange ulike grupper, slik som studieprogram, kull, institutt og fakultet. Her vil du motta nytt frå dei gruppene du er tilknytta.

Ulike studentorganisasjonane som ønskjer det har også høve til å ha heimesider her for å presentere nytt og sende e-post til sine medlemmer og andre interesserte.


Kvifor får eg ikkje logga inn ?

På grunn av at Mi side er personalisert for hver bruker, må Cookies (Informasjonskapsler) være tillatt på for å kunne få tilgang til systemet. Som standard er vanligvis cookies tillatt, så det er kun nødvendig å se på dette dersom du får problemer når du bruker Mi side.

Slå på cookies i Netscape
  • Velg “Preferences” (Valg) from the Edit (rediger) menyen.
  • Klikk “Advanced” (Avansert).
  • Under “Cookies”, velg “Accept all cookies.”
  • Klikk “OK”.
Slå på cookies Internet Explorer
  • Velg “Internet Options” (Alternativer for Internett) fra Tools (Verktøy) menyen.
  • Klikk på Security (Sikkerhet).
  • Velg “Internett”-ikonet i sone for Web-innhold.
  • Klikk “Custom Level” (Egendefinert nivå).
  • Rull nedover listen til du finner ”Cookies” (Informasjonskapsler (Cookies)).
  • Velg “Enabled” (Aktivert) for begge valg.
  • Klikk “OK”.

Korleis kan eg få fram informasjon om emne og studieprogram?

Sv: Når du loggar deg inn på Mi side hentar vi informasjon om deg frå universitetet sin database om kva emne du har er meldt til eksamen i og kva studieprogram du har studierett til. Om du ønskjer å sjå informasjon om emne eller studieprogram du ikkje er meldt til eksamen i loggar du deg inn på Mi side. Finn ruta som heiter ”Emne og grupper”. I denne ruta finn du ei lenkje som heiter ”Meld deg inn/Dropp emne eller gruppe”. Når du klikker på denne lenkja vil du få opp "Dine nåværende Medlemsskap" og "Bli medlem i en gruppe". For emne, vel fakultet og klikk "vis emne" - for grupper, vel "vis alle grupper". Du vil da få opp ei liste med emne/grupper. Klikk på ikonet ”Delta” for å motta informasjon frå emne eller gruppa. NB! Dette er ikkje melding til eksamen! For å sjekke kva emne du er meldt til eksamen i, gå til : Studentweb

Kva format skal eg lagre filer på i fillageret?

Vi bør i størst mogeleg grad prøve å unngå svært proprietære format (som .DOC for word-filer), men i staden velgje meir opne format som HTML, PDF, RTF.

For Word fungerer det ofte greit å "Lagre som HTML". Dokumentet kan då opnast direkte i web-lesaren uten ekstraprogram. Når det gjeld læringsobjekt som til dømes kan vere laga i Power Point, er det opp til faglærar å passe på at alle studentane har høve til å opne dokumentet dersom ein brukar proprietære format.

Engelske ord eller skrivemåtar enkelte stader

Systemet er som de sikkert forstår omsett frå engelsk. Omsetjingsmodulen har nokre feil her og der, som gjer at nokre ord ikkje let seg omsetje og at ein får ord deling, genitiv-s med apostrof, store bokstavar inne i setningar nokre stader og anna småknask. Vi arbeider med saka saman med Universitetet i Heidelberg, og skal nok få orden på det etter kvart. I mellomtida vonar vi at de i alle fall forstår meininga.

Kan ein endre språk på sidene?

Ja, ved å klikke på "Byt språksetjing" enten i kontrollpanelet eller nede på sida, vil ein kunne velje Norwegian (NO) - som er bokmål, Norwegian (NN) - som er nynorsk, eller engelsk.

Det finst ikkje noko side for mitt studieprogram eller emne. Kva kan dette skuldast?

På Mi side ser ein berre dei emna som det skal undervisast i inneværande semester. Dersom du treng informsjon om emne som det ikkje vert gitt undervisning i kan du sjå dei generelle sidene for studietilbod på utdanningssiden ved UiB, eller ta kontakt med instituttet.

Det ligg ikkje noko informasjon på sida for det emne som eg er meldt til eksamen i . Kva kan det skuldast?

Dette skuldast at instituttet har valt ikkje å legge inn informasjon på desse sidene. For meir informasjon kan du ta kontakt med instituttet eller infosenteret på fakultetet.

Eg ønskjer å melde meg ut av eit emne eller gruppe, men kan ikkje gjere det.

Emne og grupper du er oppmeld i som følgje av at du har meldt deg inn i dei i Studentweb vil ein i utgangspunktet ikkje kunne unngå å få opp i Mi side. Ønskjer du likevel å ikkje få opp desse emna eller gruppene på Mi side, bør du først sjekke i Studentweb om du er oppmeld i noko du eigentleg ikkje ønskjer. I så fall kan du melde deg ut der, og neste dag skal emne eller grupper som er knytt til det du sletta vere vekke frå Mi side. Ligg ikkje løysinga der, kan du kontakte dei som står lista opp som ansvarlege for gruppa og spørje dei kvifor du er med, eventuelt be dei ta deg vekk som medlem av gruppa.

Eg finn ikkje igjen emnet eller gruppa mi.

Klikk på lenka Mi side oppe til venstre. Sjekk om du finn emnet eller gruppa i ruta kalla Emne og grupper. Dersom namnet ikkje står her har du meldt deg av emnet eller gruppa. Då må du melde deg på igjen. Oppskrift finn du under spørsmålet ?Korleis kan eg få fram informasjon om emne og studieprogram??. Du er framleis meldt til eksamen i emnet, endringar i eksamensmeldingar skjer på Studweb.

Eg finn ikkje igjen undergruppa mi. Undergrupper er til dømes kollokviegrupper, seminargrupper, laboratoriegrupper o.l.

Klikk på lenka Mi side oppe til venstre. Sjekk om du finn undergruppa igjen i ruta kalla Emne og grupper. Dersom namnet ikkje står her har du meldt deg av undergruppa. Då må du melde deg på igjen. Oppskrift finn du under spørsmålet "Korleis bli medlem av eller droppe undergrupper.?

Korleis bli medlem av eller droppe undergrupper. Undergrupper er til dømes kollokviegrupper, seminargrupper, laboratoriegrupper o.l.

  • Undergrupper er organisert under emne eller grupper. Derfor vert medlemsskap organisert under heimesidene til det aktuelle emne eller gruppa.
  • Gå til Mi side ved å klikke på lenka oppe til venstre.
  • Gå til emne- eller gruppesida gjennom lenka i ruta kalla ?Emne og grupper?
  • I ruta ?Undergruppeadministrasjon? inne på emne- eller gruppesida kan du velje ?Bli medlem? eller ?Dropp” for den aktuelle undergruppa.
  • Dersom du valde ?Bli medlem? har du nå tilgang til undergruppa si side ved å klikke på namnet til undergruppa.
  • Nokon undergrupper er stengde. Dette inneber at du ikkje fritt kan melde deg på slik som forklart ovanfor, og namnet vises ikkje i ruta kalla ?Undergruppeadministrasjon?. Dette gjeld til dømes mange av seminargruppene på ex-phil. Då må du be ein av administratorane om å melde deg på undergruppa. Det gjer du ved å sende dei ein e-post. Lista over administratorar står i ruta kalla ?Stab?.

Korleis kan eg endre passord?

Brukarnamn og passord er det same som du brukar til å lese e-posten med. For studentar er dette også identisk med det ein brukar til å logge seg på i pc-stuene. Det er kun studentar som kan endre passordet sitt.

Studentar som vil endre passord må gå til http://sebra.uib.no og velje ?Glemt passord? i menyen til venstre. For å gjere dette må ein ha pinkoden ein brukar til semesterregistrering i Studweb. I tillegg må ein ha studentnummeret og personnummeret. Har du gløymt pinkoden må du gå til Studentkontoret i Langes gate 1. Studentnummeret ditt finn du på semesterkortet som du fekk tilsendt i posten etter semesterregistrering.

Kva må eg gjere for å endre personleg informasjon?

  • Gå til Mi side og velj ?Kontrollpanel?. Viss du er ekstern brukar og ikkje har personleg side klikk på ?Hjelp? oppe til høgre og du får fram kontrollpanelet.
  • Klikk på ?Rediger min personlege informasjon?. Rediger namn og url. Det er ikkje muleg å endre e-postadressa. Les meir om dette under spørsmålet ?Kvifor er det ikkje muleg å endre e-postadresse?.

Kvifor er det ikkje muleg å endre e-postadresse?

E-postadressa di vert bestemt når du opprettar brukarkonto ved UiB. Universitetet vil sende e-post til denne kontoen. Vi har svært dårlege erfaringar med eksterne adresser som ofte ikkje fungerar. Dersom du ønskjer å bruke ei anna adresse kan du vidaresende e-posten frå UiB-kontoen på følgjande side: http://rasmus.uib.no/reise/. Du kan lese e-posten din på følgjande side: http://webmail.uib.no.

Kva slag grupper kan få egne sider?

Sv: Alle emne, studieprogram, institutt og fakultet ved UiB har egne sider. På sidene til eit emne kan det til dømes også verte oppretta eigne sider til seminar, kollokviegrupper o.l. Ulike organisasjonar ved UiB har også sine eigne sider.

Endre e-postvarsel frå diskusjonsforum

I diskusjonsforum kan du verte varsla dersom nokon postar eit innlegg i forumet. Dette vert kalla e-postvarsling. Du kan tinge/avtinge varslinga via Kontrollpanelet på Mi side. Vel lenka ?Rediger mine e-postvarsel?. Viss du er ekstern brukar og ikkje har personleg side klikk på ?Hjelp? oppe til høgre og du får fram kontrollpanelet.

Systemet er svært tregt av og til. Blir det betre?

Det kan hende at systemet er tregt av og til. I nokre tilfelle kan dette kome av store jobbar som oppdaterer informasjon. Slike oppgåver vert oftast gjort om nettene og i helgene. Første veka i semesteret er ein topp-periode, der mykje data vert lagt inn og mange er ute og kikar. Er systemet spesielt tregt til andre tider, kan det skuldast ein feil ein stad, som det er fint om de melder frå om.

Tykkjer du at det alltid er tregt, hugs då at responstida avheng av tre ting: Responstida i sjølve portalen, kor raskt samband ein har og kor rask maskin ein har på sitt eige skrivebord. Det kan vere lurt å sjekke kor fort ting går på ei ny maskin på fast linje ved UiB før ein klagar over at systemet er tregt. Er grunnen til at det tek lang tid å få opp "Mi side" at rutene inneheld svært mykje informasjon, kan det hjelpe å "Shade" (midlertidig lukke) enkelte ruter (rundingen til venstre av dei to i øvre høgre hjørne i ruta), eller flytte ruta til ei anna side (bruk "skreddarsy..." i kontrollpanelet). I så fall må de ikkje gløyme å sjekke innhaldet i ruta av og til

De som brukarar kan også hjelpe på responstida ved å ikkje dobbeltklikke på lenkene. Dobbeltklikk fører til to kall, som gjer at det går dobbelt så sakte for dykk, og meir last på systemet for oss. Ikkje dobbeltklikk på Web!

Vil det verte lagt inn nye tenester under Mi side?

Systemet (som heiter .LRN) er i utvikling ved fleire universitet rundt i verda. Det er fleire utvidingar som alt er tilgjengelege, og det er konkrete planar om fleire andre.

IT-avdelinga har også utvikla spesialtilpassingar for UiB, og det kan tenkjast at andre lokale utviklingsmiljø ønskjer å utvikle eigne faglege eller administrative løysingar tilpassa systemet.

Eg trykka X på ei rute og ho forsvann. Korleis kan eg få ruta tilbake?

Gå til kontrollpanel

  • Vel "Skreddarsy portalen"
  • Bla ned til kva side/plass du ønsker modulen på.
  • Finn "Ubrukte modular (ruter)" og vel "Legg denne modulen (ruta) inn her"


Meir hjelp

Viss du ikkje fann svar frå spørsmålet på denne sida prøv brukarmanualen til systemet.

Dersom du framleis stussar ta kontakt ved å registre saka di i gruppa "Utdanningsavdelingen" i Issue-tracker.

Du kan også nytte lenka "Har du kommentarer av teknisk art til denne siden?" som ligg nederst på Mi side.


Geographylogo.png Languages: 

Norwegian - English